Fiskekarbonader (med Bacon og ost, eller andre variantar) er veldig gode alternativ til dei som ikkje heilt har smaken for fiskekaker eller anna fisk, men som likevell vil ha noko sunt, og som smakar godt likevell!
Som tilbehør til fiskekarbonader går det like greit med ris som det gjer med poteter.
Potetene likar vi sjølv best når dei er steikte. Du kan også lage det som wok. Steik alt sammen og ta med grønnsaker i tilegg.
Inngrediensar
6 pakning med fiskekarbonader
Nok mengder med poteter evt. ris
Grønsaker?
Tilbehør: salt, pepper, (grillkrydder), ketchup(?) og god drikke.
Tilbreding
Fiskekarbonader: Er allereie ferdig steikte. Treng berre varme dei, men er godt når du steiker dei slik at dei blir litt sprøe. Eventuelt kutt opp fikskekarbonadene saman med potetene og steik dei ilag. Tilsett krydder undervegs og du får ei god og fin blanding.
Ris(?): Kok opp risen.
Frosne grønsaker: Tin opp i mikrobølgomn eller varm dei opp i vatn, viss dei ikkje er tina fra før. steik i steikepanna med smør, og tilsett mykje krydder og salt etter smak. Anbefalar å steike det saman med både fiskekarbonadne og potetene for å få ein god smak på alt.
Tilberedningstid: 20-25 minuttar, kjem ann på effektiviteten.
Tips:
Bruk mykje krydder på grønnsakene (ved start og slutt)
Bruk krydder på risen ved servering. Eventuelt bruk diverse saus
Bland fiskerbarbonade'bitar og grønnsakswoken
1 pose med med grønsaksblanding er perfekt (ca. 500 gram)
STANDARTIPS
Server med god drikke.
Ha med deg ein makker-> delte utgifter, mindre stress med oppvask og tilberedning, og meir sosialt.
Nyt maten!
Prisantydning: 2 personar ca 70-80 kr
I denne retten har vi eigentleg gitt dokke 3 forskjellige matrettar. På det øverste bilde ser du to variantar du kan velge mellom, og nederst her ser du den siste varienten, som lignar på wok. Den siste er muligens vår favoritt !
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar